Til seters



Etter å ha feita meg opp på kake hjå mamma, dansa av meg all kakeetinga på Moldes mest harry uteplass i natt og sove i nokre få timer, er eg no med Monica og vi lagar franske crèpes og nyt livet. Også er Ingeborg her. Då er det fest.

Franske dessertpannekaker er superenkelt, og supergodt. Koneemne som oss kan til og med oppskrifta utanat:

120 g kveitemjøl
20 g sukker
3 knivsodd salt
100 g egg (2 stk)
3 dl H-melk
20 g smelta smør

Etter steiking har vi sjokoladepålegg og banan på pannekakane, også et vi til vi blir dårlig. Etterpå skal vi på Blå og drikke enda meire kaffe og te, og SubUrban-undomsmøte venter etter der igjen. Søndag i Molde er slettes ikkje verst. Kven skulle trudd.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits