Two years back

I går sat eg og Kris og åt ost og kjeks, drakk Yogi-te, åt rudstykke, couscous-salat og brownies og sakna Andrea. I dag måtte eg gå igjennom albumet mitt og sjå to år tilbake, og akkurat i desse dagane for to år sidan, var eg og Kris og besøkte Dea i Ålesund, for ho gjekk på skule der før, nett no er ho misjonær på Fijiøyene, og eg tenkte på kor fint ting var for to år sia, men kor fint ting er no òg, så eg ser tilbake med glede og gler meg til neste gong eg, Kris, Dea og Mon er samla og alt er som før. Nesten.

For to år sia var vi vel nett som vi er no. Vi bur i prøveromma

og krangler om kven som skal kjøpe den finaste kjolen. Andrea fekk taket på denne til slutt,
til Kris enorme fortvilelse
vi går på cafèar

og tek oss puster i bakken når vi har brukt opp alle sparepengene våre

Eg hadde langt, falskt hår på den tida
Og vi laga frukost for kvarandre.

 

No er vi alle to år eldre, klokare på livet, meir erfarne, men like shoppeglade og like fattige. Om to år kjem eg til å sjå tilbake på denne tida og minnes korleis det var no, og tenkje på korleis det er då. Å. Livet. Ein veit aldri kva som skjer. Men gode vener beheld ein. Tross avstand og erfaring.


Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits