Let it be




Livet er som før. Eg og Monica flirer så vi grin, et kake og drikk te, har ljos på bordet og fyr i peisen. Dette er min fyste innekveld i ferien, eg vil ikkje seie at det var på tide, men det er kjekt å ta det med ro nokre gonger òg. Beatles har stått på spelelista, Monica har tørka opp tusenvis av lattertårer etter at vi minnes flaue situasjoner og vi har snakka om kor bra vi har hatt det, vi to, og no er vi eldre og smartare og mindre uskuldege, men framleis oss. Livet altså. Eg blir så saleg når eg tenkjer over kor velsigna eg er.
No skal vi jentene sjå Moulin Rouge og tenkje på livet og slikt.

Én kommentar

Miss M

25.02.2011 kl.19:46

Så koselig ^^ "Mangler" bare sjokolade egentlig ^_~ Herlig film, kose dere masse ^^

Skriv en ny kommentar

hits