Life is a movie

-

Vi er enige i at livet er ein film, Ingeborg og Monica og meg. Vi hyler over mannfolk og nye skor, vi slår oss i panna over følelser og at vi er forstyrra, kanskje vi er skodespelarar og sola som har dukka opp over Molde eigentleg er ein enorm lyskastar som skal få oss til å leva liva våre så normalt som mogleg, men i sanninga er vi del av noko større, eigentleg er menna vi møter innleid, skopara i vindauga er retta mot oss, og det er ikkje innbilling at dei vinker til oss, nei dei gjer verkeleg det, og kjenslene vi kjenner, tankane vi tenkjer og drøymane vi drøymper er planta ved inception. Kanskje. Eller så er berre filmane vi ser eit lite stykke sanning og realitet, så filmane innretter seg etter livet, og livet ser ut som ein film. Kanskje.
Å. Dette blei mykje tenking. Tilbake til tekoppen og leve dette livet.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits