KebabKids

No forlet eg Sinsen og spring ned til Rosenhoff, eg og Malen skal etekyllingkebab påBislett Kebab som ligg på Rosenhoff.

 

Høyrd på trikken på fredag:
Benedicte: No ska i sæ nåkkå i ALDRI he sagt før.
Malen: Ja...?
Benedicte: I he løst på kebab.

Og Malen kunne hjelpe. Ho visste at dei hadde vekestilbod på kyllingkebab på Bislett. Då var saken biff: Kebab før søndagsmøte på søndag. Og no er det søndag. Kebabtid, med andre ord.


I JesusChruch skal eg hjelpe til med søndagsskulen i dag, JesusKids, og etterpå spring vi som går i klasse med kvarandre på TBBMI til Ulsrud og har studentparty med leiker, mat og kos. Å. Har eg sagt kor fantastisk det er å vere student i Oslo?
Det går ikkje ein dag utan program, vener, happenings og tilbod. Skal tru kvar eg ender opp med å ta bachlorgraden min, eg blir skjemd vekk med alt som skjer i Oslo, så det vil bli uvant å forlate plassen. Men hey. Eg greier alt. Nesten. Folk får berre underhalde meg der eg er.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits