Ønskes kjøpt

Tenk om ein kunne kjøpe tid, tenkjer eg. Så eg rekk å gjere alt eg burde rekke.
Tenk om eg kunne ringt dei eg skull ringt, skreve til dei eg skreve til, møtt dei eg skulle møtt, gjort det eg skulle gjort, fullført det eg skulle fullført, arbeida det eg skulle arbeida, sove det eg burde sove, ete det eg burde ete, følge opp det eg burde følge opp, vere der eg skulle vore. Ein rekk mykje. Men ikkje alt. Dog, ein rekk det ein prioriterer. Og prioritering er harde saker.
Prioritering er slik som svir i sjela og klør i hjarte, det er sånn som stikk når ein så gjerne vil men må vedgå at ein rekk ingenting, nei og nei, eg må seie nei, men eg må seie ja til deg eg skal seie ja til, eg burde skrive lister og skjema så eg veit at vekene går opp, og dei gjer det, fullbooka og trøytt, men vil så gjerne meir. Bibelskulestudent, venninne, medmenneske, to jobber og engasjert, ein skulle tru at eg hadde 8 timer til svevn, men det finnesikkje, må eg prioritere igjen tenkjer eg, og det svir i hjarte og eg må øve meg på dei tre bokstavane, N, E og I, etterfulgt av B, E, K, L, A G, E og R og D, E, S, S, V, E, R, R og E og knipe igjen augo, sove på kommando og ete kjeks mellom busstoppa.

Eg er interessert i å kjøpe tid. Nokon som har overtid til sals?



Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits