Bjart om blått.

Er du hjå meg i den linne kveld
som andar bjart om blått?
Attom dagens himmelgull 
ved stundas svarte føter

I hugnad fell vi saman tyst
ei løynleg svevnlaus natt
Gjevmild makt mot måneskin
i tagal varleg akt

Er du hjå meg om det lir av dag
lik dagen ljos den fyrste dag?
Og evig varar stundas ljos 
Den ljose stund 
vår stutte dag

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Eg trur eg har funne yndlingsdiktet mitt. Forfattaren er ukjent, men å, hadde vedkomande berre vore kjend for meg så eg kunne klemme vedkomande og seie fine ting om det fine diktet som gjev meg nye impulsar kvar gong eg les det.
Nynorsken er forrykande, tempoet flyt og bokstavne danner bilete og stemning.

 

Tips meg om det finns fleire store nynorskdikt der ute eg enno ikkje har sett

 

-

Den ljose stund 
vår stutte dag

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits