Berre

Eg har kutta meg på kneet
Men er heil i sjela

 

Så eg slepp å grine.




Store jenter gret berre når mannfolk er idoter eller Melkesjokoladen er utsold.
Eg grin berre når eg høyrer triste historier om born og foreldre, og folk klapper meg på skuldra og seier at eg kjem til å bli ei god mor, og det går eg i tru for, men eg må lære meg å ikkje kutte meg på kneet og kutte ned på sukker også er eg litt på ein betre vei mot å bli ei god mor, og eg grin framleis over triste historier om born og foreldre og synes livet er flott, tross melkesjokoladen er tom og menn kan vere turbulente.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits