Bare bok gjør ingen klok.

Det har gått opp for meg at det er akkurat ein månad til eg må vete kva eg skal bli. Eller, det er vel ikkje heilt sant. Det er ein månad til søknadsfristen på høgskuler går ut, og eg er liksom litt blank, ikkje veit eg kva eg vil studere, kva eg verkeleg brenn for, kva eg vil jobbe med og kva slags informasjon eg vil bli betre på, lese på, utvikle meg innan og forstå betre, bruke 3-5 år på, setje meg inn i, stå opp kvar dag for å ta innover meg og bruke energi på å lære.
Å søke høgskule er noko eg aldri har gjort då eg starta på bibelskule rett etter vgs, og no er eg liksom ved eit nytt vegskille: skal eg ta 2.året på Troens Bevis Bibel- og Misjonsinstitutt? Skal eg byrje rett på ein bachlor og satse på at eg held ut i 3 år? Eller deltidsstuie, arbeid, årsstudium, sjølvstudium, eller?
Og om eg enn hadde funne ut kva av desse eg skulle satse på, kva i all verda skulle eg studere?

Eg synes utdaningstilbodet i Noreg har blitt eit sirkus av eit luksusproblem kvar vi kan velge ALT. Og når ein kan velge mellom ALT så er det ganske vanskeleg å velge. Eg har interesser for mange ting, men vil eg ha lærerutdanning, vil eg lære meg russisk, vil eg kunne søm, vil eg forstå medievitenskap, vil eg kunne PR, vil eg skrive, vil eg, vil eg, ja eg vil, men KVA vil eg?

Eg treng eit sjølvstudium, det er det eg treng. Eg må bli kjend med meg sjølv før eg hopper inn i andre studier. Men eg trur at eit slikt studium tek heile livet, og studielånet vil gå meg opp til øyra om eg skal stenge meg inne på ein hybel og bli klok på meg sjølv, så eg får bruke dei siste 30 dagane eg har til å studere mine eigne ynskje, og for ein gongs skuld prøve å setje meg inn i kva eg burde bruke tida mi på, også blir det nok folk av meg til slutt, ein gong, om 2, 3, 8, 9 år.

I mellomtida skal eg prøve å danne meg karakter i livet og ikkje på papiret. Det er det ein scorer høgast på, når alt kjem til alt.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits