Turnè & livè

Eg er utan Mac fram til neste sundag, men no fekk eg låne/stjele ein Mac i nokre minutt så eg kan fortelle litt kva eg eigentleg held på meg, utan Mac i 12 dager, kva er det for noko?!

Joda, bibelskulen eg går på, Troens Bevis Bibel- og Misjonsinstitutt er på møteturne over heile Sørlandet for å besøke menigheter, skuler og gater for å fortelle om skulen, Jesus, livet, danse, utfrodre og inspirere folk til å tenkje litt over detta livet, evigheta og slik. Samstundes presenterer vi ulike originisasjoner, eg jobber i JesusKvinner og promoterer JK-konferanse, JK-magasinet eg skriv i og mykje anna bra.
Eg er med i lovsongen, har hatt tale på ungdomsskule og stått på gata med ein mikrofon i handa medan det snør og fortalt at eg trur på Jesus. Hvilket liv.Også flirer eg så eg grin fordi alt er så kjekt og travelt.
Dessutan søv vi på murgolv med liggeunderlag og sovepose, og vi søv som nokre steiner då vi jobber mellom 17-18 timer kvar dag. Men i kveld har eg høyrd rykter om at menigheta vi besøker har leid HYTTER til alle dei 70 folka vi er, og det betyr SENGER. Wow. Snakk om luksus på turnè.

No er vi klar for møte nr. 5 av 9 (trur eg, dagane går i surr) og denne kvelden byrjer vi kl. 20.00 i Filadelfia, Lyngdal. 
Stephan og Anne Christiansen, pastorpar i JesusChurch og styrere for TBBMI er med og held taler og er berre fantastiske. Det er eit verkeleg privilegium å oppleve alt eg opplever. Svevn får berre stille seg i kø inntil vidare.















På nettsida vår tbbmi.no kan du følge med litt på turnèlivet. Stay tuned med elendige mobilinnlegg, folkens. Nett no har eg viktigare ting enn å basere eit liv på internett.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits