Pride and prejudice

I dag gjorde eg noko eg eigentleg aldri har gjort før. Eg sto opp og gjekk på butikken.

 

Wow. Dette er interessant lesestoff.


Eg har ingenting i matskåpet, så eg tok på meg joggesko, parkas og hadde hårkur i håret og famla meg bort på Rema. Eg handler berre matvarer på kvelden når eg er ferdig på arbeid i 11-tida, så å skulle dra på butikken borti gata i 10-tida ein mandagsmorgon eg har fri frå skulen pga 12 travle dager, var uvand. Og då eg kom på butikken skjedde sjølvsagd det som måtte skje; eg hadde ikkje nok peng. Er ikkje det typisk. Ein ting er å bestemme seg for å gå ut døra ein mandagsmorgon ein har fri. Ein anna ting er å sjå ut som eit fugleskremsel og ikkje ha peng. Dei må vel tru eg kom fra Plata. 

Noko av det som er mest trist i denne morgonbluesen, er at medan eg stabba meg igjennom hyllene bland syltetøy og skinke, tenkte eg: flaks at eg kan overslagsmetoden. Ha, tenk at eg tenkte at eg hadde full kontroll, og at eg kunne matematikken min. Er det NOKO eg trudde eg kunne, så var det overslagsregning. Men turns out: det kan eg ikkje. For då eg kom til kassa, kosta maten 180 kr, og ikkje 163,17 kr som eg hadde på kortet. Eg hadde vel tatt for mykje underslag såg det ut til, for andletet mitt vitna om ein enorm skuffelse, og eg måtte krype til korset, høyre om ho søte dama i kassa ikkje kunne ta vekk krydderskinka. så eg kunne få med meg noko heim. Og då mangla eg 50 øre. Ufattelege 50 øre sto mellom meg og maten.
-Å. I må betale for me. I mangla 50 øre, sei eg, og byrjer å bable om at eg er student og pengekassa ikkje akkurat er min beste ven.
Og det var då redninga kom. Det var da dama på Rema såg i nåde til eit fugleskremsel frå Plata og spanderte 50 øre på meg, og eg følte meg som ein tiggar som alle synest synd i og som ikkje greidde seg på eiga hand.
Men eg kom meg heim med mine frittgående høner- egg og kremost. Krydderskinka ligg igjen på Rema som eit minne om ho som ikkje greide å betale for seg, og om ho som trudde ho kunne overslagsregning. Ein lærer så lenge ein lever.

Og som om sorga ikkje er stor nok, så gløymde eg å kjøpe Biola, så eg har ingenting å ha til Muslien min. Vel, eg kunne jo ikkje betalt for Biolaen uansett.







Å kjære vene. Dette er det minst interessante ein kan lese ein mandagsmorgon. Men det er ditt val. Eg berre skriv, eg. Håper nokon andre har hatt ein meir spanande morgon. No skal eg vaske ut hårkuren og glede meg over at i det minste har lønn i himmelen, om ikkje på kontoen. 

3 kommentarer

Møyfrid

04.04.2011 kl.12:58

Åhh.. Herlig lesestoff på en mandags morgen!! Du skriver så levende og morsomt! Jeg ler høyt! :D Fortsett å dele tankene dine. De lyser opp på enn ellers så triviell hverdag! Ha fortsatt god fri :)

Benedicte - overkommelig.com

04.04.2011 kl.13:04

Haha, eg digger deg Møyfrid! Imponert over at du orka å lese om mitt MEGET interessante liv ein mandagsmorgon;)

Britt

05.04.2011 kl.13:51

Skal gi deg et lurt tips jeg Benedicte.. Bruk kalkulatoren på mobilen når du handler.. Den var min gode venn når jeg handla og budde alene på hybel med kun studielån på konto...

Men ja slik er det innimellom, man har ikke råd til alt man vil ha.. Enten det er biola eller krydderskinke

Skriv en ny kommentar

hits