I´ll be home

Eg har trua på at vener held saman og skal møtes når livet smiler og når livet bekker, og om det så må bety at eg set meg på neste fly som går, så gjer eg det. Og det gjer eg no. Eg dreg til Molde i helga (av alle ting har eg frihelg, halleluja) berre for å vere med venninne mine, vi skal ete oreokake og snakke om guter og livet og vintage. Veit du, home is where your heart is. Og vener er i hjarte. Så eg dreg alltid heim når eg dreg til jentene mine, og det er så godt. Snakk om å vere velsigna.



No må eg berre pakke veska. For fyrste gong nokon sinne skal eg fly med berre handbagasje, og takker Gud for at Monica har krøller så eg slepp å ta med meg flytande krølleprodukt for håret, visst ikkje måtte eg betalt ekstra for å resie med ein ekstra kolli så eg hadde fått med meg hårskum.

Eg må springe til Oslo S om 45 minutt no, også er eg på Sinsen søndags kveld igjen, når eg fyrst er i Molde kan eg fronte JesusKvinner Konferansen 27.28.mai i lokalmenigheta mi i same slengen på Sion Fræna kl. 19.00. Note no myself: Hugs brosjyrer.
Super woman greier nesten alt.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits