Eg visste ikkje

at eg kunne lage fiskesuppe frå botn av. Men det kan eg.



Det var berre fisk og gulrot og potet og buljong og lauk, også blei det no ei suppe. Kven treng husmorskule når ein er Benedicte.

No jobber eg med ein JK-artikkel som skal vere på desken i morgon kveld, og det er mykje å skrive og å ikkje skrive. Å komprimere 3000 ord til 800 er litt av ein kunst. Eg må berre skrive dei 3000 orda fyrst. Eg har intervjua ei som er fostermor og skal skrive rundt det emnet, og det er så stort at berre overflata blir lett overfladisk om eg ikkje set meg godt inn i det. Eg får tenkje på formuleringane over ei skål fiskesuppe, og vere nøgd med livet.
Utanifrå ser eg ganske så vellukka ut i dag. Heimlaga middag på omnen og i magen, heimekontordag og eg venter på ein iPhone som skal kome på døra innen nokon timer.
Vel, realiteten er jo den at eg har laga min eigen middag. Og at eg faktisk er skribent i eit magasin og skal ha ein iPhone om nokre timer. Men eg er fattig. Og eg treng ferie.
Penger og ferie kjem neste veke. 
Nett no får eg berre sjå vellukka ut.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits