Livet på ein torsdag

I dag sat eg og Merete ute på Aker brygge, åt is og snakka om Jesus og livet og bibelskulen og sola. Tenk å ha fri frå arbeid og sola skin. Og ein har nok penger på kortet til ein is. Då er livet søt som ein maregns.



Og etterpå møtte eg kjære Mikkel ute på Karl Johan som alltid snakker om Jesus, også snakka vi om han og med andre som kom bort og hadde spørsmål og som var nyskjerrige på den store plakaten Mikkel veiver med. Eg har sansen for Mikkel, han er ein skikkelig hippie og det burde vere fleire slike frimodige folk som han her i vera. Vi møttes tilfeldig for 4 år sia, og no når eg bur i Oslo møter eg han tilfeldig her og der, og det er alltid ein slik fest når ein møter Mikkel, han er berre ein slik mann som må opplevas. Snakk til han om du ser han. Han er ikkje så vanskeleg å legge merke til.




No er eg på Sinsen, eg har tekopp og ei framtid framfor meg: i desse dager er det søknadfrist på høgare utdanning. Kjære vene. Livet går så fort.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits