Feminin

Lag på lag på lag på lag. Eg kan nesten aldri ha nok lag, eg.
Men no med våren kjem varmen, og med varmen synk laga, og eg må nøye meg med berre ein underkjole og ei jakke over overkjolen.







Ein mann stoppa meg på Karl Johan her om dagen og spurte om han kunne sei nåkkå, og eg hadde 5 minutt til bussen til arbeid gjekk, så e sa: "Jadda, kjør på", men angra det sekundet eg skjønte at det var eit desperat forsøk på ein date. Eg er lei av menn i Oslo som er så frampå, spør nokre andre. Eg trur eg skal anskaffe meg eit skilt kvar det står: NEI. Eg gjer deg ikkje telefonnummeret mitt, og eg blir ikkje med deg heim. Ikkje cafè ein gong. 
Så han byrja å fortelle kor fin han synes eg var, og kor mektig imponert han var av kleda mine og at eg gjekk i kjole etter kjole oppå kvarandre.  "Norske jenter kan ikke å kle seg, de ser bare sporty ut. Men du er skikkelig feminin og kvinne. Bli med på en kaffe!" Eg flirte litt og sa han kunne ta ei anna ei, "i må på arbei!" ropte eg halvvegs og nevnte at eg gjekk på bibelskule og dersom han ville snakke så fikk det vere om Jesus, men han var lite interessert i Jesus. Så sprang eg til bussen.
Eg spring etter meg sjølv og vekk frå Oslomenn, lag på lag, eg er kvinne og då får eg vere det òg tenkjer eg, og om menn på austalndet kan vere plagsomme og om eg så har hatt nok ubehagelige opplevinger for resten av livet i møte med menn berre på trikken dei siste månadene, så får eg vere meg, med skjørt og kåpe, også får dei sportye vere sporty, og du deg. Det høyres ut som ein plan.

Og chicks: Pass på dykk sjølv. Ikkje sei ja til alt som kjem rekande, dykk er for bra til det.

(Woi, nesten ultra- feministblogg her no.)

Eg berre sei det.

Én kommentar

Astrid Elisabeth

24.04.2011 kl.14:30

Hehe, fint skildra du. Man blir jo både smigra og irritert av slikt. Stilig antrekk da! Liker kombinasjonen av strømpebuksa og blondene. Likte Jesus-kommentaren. Den skal jeg ha på lager, hehe. Fikk lyst til å gå litt rundt i Oslo, spesielt siden våren kommer. Byen er herlig om våren. Men Trondheim er veldig fin også!

Skriv en ny kommentar

hits