Things are going to change

Hjå Mon er det alltid kake i kjøleskåpet, te i kanna og latter i sofaen. No skal vi lage brownies i ein bolle, ta rørai ei lita langpanne og sende røra og panna inn i omnen. Så skal vi ete han og sjå Vanity Fair medan vi drikk enda meire te. Eg og Mon ser aldri TV. Eller film. Men forandring fryder; i dag skal vi sjå film på TV.

Mon i Molde er mitt 2.heim, eg er så heime her at det er rart at eg framleis ikkje har eiga tannbørste her. Mon foreslo at eg skulle kjøpe ei og ha den her. Men ting kjem til å forandre seg, eg skal vere i Oslo og rekk ikkje Molde framover, og Mon skal kanskje flytte til Oslo og eg flytter til Trondheim eller Bodø for å studere til hausten. Tenk det. Livet forandrer seg for kvar dag, kvar time, kvart sekund, decades goes by og vi veit ikkje kva som ligg rundt hjørnet, men det vi veit er at vi kjem alltid til å ha kvarandre, Oslo som i Bodø, og vi kjem til å klare oss.




Nei, browniesen venter. Magen kaller.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits