Sofa song.





Eg undres dei som kan ligge timesvis i sofaen. Om ein har TV så er det kanskje mogleg. Men å berre ligge der, nei, det får eg ikkje til. 15 minutter kanskje. Så må eg opp. Visst eg ikkje allereie har sovna.

For meg handler sofakonseptet om at ein skal sakne sofaen før ein skal bruke han. Ein sofa kan vere slitt av to ting: mykje besøk eller generasjoner av år. Ikkje fordi ein er ein sofasliter.

Nei, eg vil ikkje i fella som så mange fortel om; det blir så lett middag i sofaen og TV utover heile kvelden. Flaks at eg ikkje har TV. Eller nok mat i skåpet til å kalle det middag. Men ein god sofa har eg. Dog den står der mest til gjester. Eg held meg til bord og stol, høge helar og farting.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits