Eg skal flytte til Bodø, eg.

Eg spring over brustein med bøker i hendene, eg les ikkje, det ser berre slik ut, eg har ikkje briller så eg må sjå klok ut på andre måter, og det hadde vore lettare å bruke briller, det hadde det, men tingen er at eg kler ikkje glasauger, så då må eg bære på bøker i staden for for å kunne sjå litt klok ut, også spring eg der, med 4 kg ekstra, hendene fulle, klikkande hæler også spring eg på raud mann, på grøn mann, eg sakner gule menn her i Oslo, det finnes ikkje gule menn, berre gult ljos, og det får meg til å tenkje på å vere ferdig, først er du klar, så skal du vere ferdig og så skal du gå, og eg undres om eg er ferdig med Oslo, henda mine er kanskje ferdig med å bere bøker, føtene mine er kanskje ferdig med å bruke heler, men er eg ferdig, altså, slik ferdig så eg kan gå videre når ljoset blir grønt, eller går eg på raud mann og sakner gule, eg veit ikkje, så eg spring videre, eg prøver å følge takta til sekundvisaren, til kalendere, til avtaleboka, men kva med meg, kva med byen.

Kanskje dei fleste ikkje har fått det med seg, men til hausten flytter eg til Bodø.
BODØ.
For å studere journalistikk på Universitetet i Nordland og jobbe fram ei JesusKvinne-gruppe i byen.

BODØ. Kjære vene, alt eg finn på.

 



Eg veit ikkje kva Bodø har å by på, for å være ærleg har eg aldri vore der. Men eg har bestemt meg for å flytte dit for dei neste 3 åra og få ein bachelor. Eg finn vel ei bryggje å sitje på og vente på båten til Oslo for å besøke Monica som faktisk kjem til hovudstaden når eg skal flytte frå han. Men, sånn er det. Eg kan ikkje studere journalistikk i Oslo då eg ikkje greier å fokusere i byen (det skjer så mykje her at eg vil gjere alt), og Trondheim har berre privatskule, så då blei det Bodø framfor Volda. Eg er ikkje galen nok til å flytte til Volda. Da vil eg heller stå verfast i Nord. Og vente på ferga til dit livet er. Med ein journalistikkutdannelse i baklomma.

2 kommentarer

1 stk Linn

24.05.2011 kl.12:04

LIKE!

Helene

28.05.2011 kl.22:58

Hadde aldri vært her før jeg heller;) Men trives som sagt veldig godt=) Ser fram til kvelder med kake og te;)

Skriv en ny kommentar

hits