Leaving Oslo never easy

Då eg kom til Oalo hausten 2010 var det nett som om puslespelet i livet mitt byrja å legge seg, t-banen gjekk vegen eg skulle dra, cafeane gav meg pledd, skinnfeller å sitje på og lånekassa kunne tilby 40% gratis skulegang.

Men no har puslespelbrikkane byrja å danse og eg prøver å setje livet saman på ein ny måte, men med same sluttbilete.


Oslo krever så mykje, byen er alltid på farta og legg opp forventninger til deg, neste veke er i morgon og i dag er forbi, det er karriere og trikkeskinner som fører deg til ein stad, men karrierestigen og trikkeskinnene er for lang i forhold til tida du får på deg i Oslo, og du blir springane etter deg sjølv og i du er i ein konstant strid med kalenderen og mobilkklokka.

Nett som ein forelskelse som ter slutt er eg ute av hovudstaden, litt klokare, men framleis med kjærleik til plassen. Den fyrste kjærleiken tek aldri slutt. Og Oslo kjem til å bestå. Nett no skal eg berre avklimatiseras.

Eg flytter frå byen. Og kjem kanskje tilbake.

 





2 kommentarer

Camilla Albertine

27.06.2011 kl.11:46

SV: Oslo hadde ikke vært feil! Mosjøen er ikke feil om sommeren, så lenge det er fint vær ;)

miss nerland

27.06.2011 kl.11:47

Kommer du tilbake no da for sommeren eller flytter du direkte til mosjøen...

Uansett ja det er trist å flytte tilbake fra en plass man liker, men man har lov å dra tilbake på besøk:)

Skriv en ny kommentar

hits