Anytime is tea time











Eg sit ute på kaia og kjenner på lukta av hav og sumar, ei slik glede og forventing til livet og det som skjer, draumar draumes, tanker tenkjes, bønner blit bedd og vi er i byrjinga av juli, det er juli alt, juni passerte så fort og eg har flytta frå Oslo og Fræna og skal ha eit liv i Nord frå no av, eg drekk litervis med te for å halde meg vaken og i sjakk og i form, prøver å leve i dag og ikkje i neste veke, og det går på eit vis, berre eg har tekoppen i handa og helar på føtene kan kva som helst kome, eg er beredd, eg har bibel på iPhonen og glansvask i håret, og då kan eg befinne meg på kaia eller i sofaen eller på kontoret eller ved cafèbordet, I will manage this life, tenkjer eg. Så om eg ikkje sit på nett halve dagen, lever eg for det. Så det er sagt. Ein veit aldri i desse dagar.

 

Livet er for kort til å lære noter, las eg ein gong.

Det er i alle fall ikkje for kort til å drikke te. 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits