Back to the 50`s



Når eg ser slike fine gammle ting som har støva ned i åresvis, som har ei historie eg ikkje kjenner til, men som eg kan pønske på og dikte på og late som eg veit, så fylles eg med nostalgi og ynskjer meg tilbake, til å leve før der eg aldri har vore, til å kjenne lukta av 50-talet, til å høyre musikken i gatene og sjå kjolesnippene på rekke og rad, kjenne smaken av blautkake med for lite sukker og heimlaga saft som var produsert av kjærleik og tålmod, det er nett som eg forsvinn inn i svunnen tid, eg har berre opplevd 90-, og 2000-talet eg, så inntrykka eg får av slik det var før er at det luktar støv, det lukter støv i kofferter og på gamle kott, det er ei forteljing bak kvart lærbelte og kvar skinnsko som ein kan grave fram frå kister og gammle hus, og eg lurer på korleis det var på den tida, om ting verkeleg var betre før, om det er sant at less is more og at dei beste tinga i livet ikkje er ting.

Eg dikter historier om rikmannsfruer med minkpels når eg finn meg sjølv på gamle loft og i antikk butikker, eg ser ei sleten fembornsmor som aldri fekk sove og ei jente som kan ha likna på meg når eg finn ein ring, det må vere ei jente som draumde store draumer og som meir enn noko anna berre ville vere til, springe i blomekjole og la håret gre seg sjølv, som trudde på lukka og på livet og på kjærleik og på von og slik.

Eg blir litt merkeleg av støv, antikker og gammle gjenstander. Eg trur det er ei meining med at eg lever i 2011 og ikkje 2051. Men det er lov til å draume. Så då gjer eg det.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits