Black gold



Eg veit ikkje heilt korleis eg skal skrive dette, men det ser ut som om eg har... Dette er tunge ord. Heavy burden. Sjokkerende news. Eg har byrja å drikke kaffe. Litt kaffe. Ikkje mykje kaffe, men litt. Nok til at eg greier å få i meg ein kopp. Kanskje to om det trengs.

Det er slik som skjer. Eg føler ikkje eg har unnskuldning god nok, dog eg prøver: som resepsjonist på kveldsvakt er det viktig å vere vaken. Veldig vaken. Så vaken at du smiler som ei sol sjølv om det regner ute og klokka er 00.24 og gjestane står i kø og sjokoladelageret er tomt. Mitt sjokoladelager altså.

Det byrja med ein uskuldeg kopp. 
-Prøv DENNA kaffemaskina, byrja det med. Så eg eg drakk. Ung og erfaren, tok meg ein kopp. Rynka på nasen. Sa at eg ikkje var nøgd. Smerte i magen. Sterkt for magen. Smakar verre enn det lukter. Alt det vanlege eg seier når eg drikk svart kaffe som ikkje har ein halv liter sjokoladesaus og smakssirup. Det smaker ikkje, rett og slett.

Men ein kopp blei fort til to. Og på ein eller anna stad mellom kl. 23.15 og 23.58 må eg ha lost it og anerkjent kaffesmaken som min venn, eller kaffemaskina dog, vi snakker ferske nypressa bønner rett i kopp. Ingen filtermalt. Der går grensa.

 

Så det har altså skjedd. Eg vil ikkje proklamere meg som ein kaffedrikkar, eg er for trufast mot te, men eg kan handtere smaken no, eg kan presse i meg nokre slurker og fortsatt ha 37 grader i kroppen, ikkje spør meg kva som skjedde, om det er det at eg er forelska eller i feriemodus eller i jobbmodus, det har i alle fall skjedd noko stort i livet mitt, og det er for stort til å dekke over med ein kopp te og late som ingenting. Eg kan drikke kaffe no. Men det betyr ikkje at eg kjem til å fortsette. I alle fall ikkje etter eg forlet kaffemaskina på arbeid.

3 kommentarer

miss nerland

14.07.2011 kl.13:27

Så kaffetrakter og kaffekvern står på ønskelista no da???

Kaffe er godt det innimellom, men ja jeg er ikke kaffedranker enda i hele norges kaffeland

Benedicte - overkommelig.com

14.07.2011 kl.13:46

Nei, eg er nok ikkje SÅ glad i kaffe enno. Men eg overlever med kaffe i munnen no.

Marthe

20.07.2011 kl.12:37

pressa kaffebønner kan umulig være godt:p

Skriv en ny kommentar

hits