Inne

Eg er inne. Eg kom meg inn. Eg har studieplass i Bodø på journalistikklinja, og eg skal lese og skrive og streve og flire og undres og undersøke og filosofere og vere kreativ og krass, kritisk og karakteristisk som student i 3 år før eg går ut av Universitetet i Nordland sumaren 2014 med ein bachelor i journalistikk i lomma og vera ligg framofor meg og eg skal jobbe som alt anna enn journalist, eg vil berre ha utdannelsen eg, aldri i livet om eg skal springe etter stormenn med blokk og penn og trenge meg på, det er ikkje min stil. Kanskje eg blir lærar ein eller anna plass i norsk eller kommunikasjon, eller kanskje ikkje, eg skal i alle fall behalde blomestrømpebuksene og skjørta mine, Benedicte skal vere Benedicte, intet meir og intet mindre, men ein tittel som journalist er jo greitt å ha. I alle fall forståelsen.

Så skjer det som skjer. Eg har i alle fall skuleplass no, sa samordna opptak. Så då studerer eg.

Eg trur eg er klar.





Én kommentar

kjempe fine bilder av deg :) du har et skikkelig modellutseende. :)

Skriv en ny kommentar

hits