Some ACTion.

I desse dager skjer det mykje, og i desse dager er det 300 folk som spring rundt på Sandvik Gjestegård, det er ACT2011 (Nord-Norge stevne) i Mosjøen. Born, ungdommer, vaksne og eldre samles, koser seg, dreg på møter og seminar, konserter og aktiviteter. Eg er jo på arbeid, men innmellom kjøkkenvaktene rekk eg å oppleve litt festivalfeeling med sol, is og flokete hår.Eigentleg skulle eg både ha respesjon- og vasketurnus, men heldige meg fekk lov til å vere på kjøkkenet heile festivalen, så det blir mat på folket. Mamma skulle sett meg der eg står og lager mat til hundrevis, samstundes som eg må vaske opp etter hundrevis. Det er litt av eit syn.











Men etter arbeid er feriemodusen i gong, då er det folk og ting som skjer og lade batteriene til neste vakt. Eg sov i underlege ti timer i natt, men er trøytt som berre det. Festival tek på. Men oh joy kor bra me har det.

I går var eg med i lovsongen medan Emanuel Minos hadde opningstalen. What a man. Og what an evening. ACT fekk spørsmål om dei kom til å avlyse årets stemne, men Frode Hansen, pastor i Bodø svarte at; "Dette er ei stundt kvar vi opplever at folk står saman, og då samles vi." Og det er nett det vi gjer. Vi samles og er saman, saman i sorga, saman i opplevingane og saman i vonet.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits