Fri og ør, og ikkje i sør

Kva gjer du når du sit fast i Mosjøen, og alt som heiter store kjøpesenter finns i Oslo?
Jo, då dreg du på frisøren, ikkje fordi du så absolutt MÅ, men fordi det er det einaste du KAN.







Så no dreg eg og Mon på frisøren, i håp om å bli hårfin fordi vi ikkje har betre å gjer på. Då Mon sa ho kunne komme på besøk til meg i fire dagar, forbredte eg ho på at; "det e ikkje sååå mykje å gjære på her, så du væt det." Ho synest det var greitt, og det må ho synes for å vere her. For her er det roleg. Men å så herleg. Å berre ha sumar med Mon og gjere nett det ein vil. Vi har kanskje ikkje så mykje å velge imellom, men vi har kake i kjøla og krøllar i håret. Så vi greier oss. I nord. Kven skulle trudd.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits