Laurdag på ein onsdag

I dag er ein sånn dag som kjennes ut som ein laurdag, men så er det berre onsdag. Og laurdag på ein onsdag er bra det. 

I dag starta laurdagen vår med ein frisørtime. Eller, fleire til saman.







Også feira vi vårt nye hår med kake på cafè i ein hage med blomar og busker og reine møbler og søt servitørdame.

Ja, Monica har flatt hår no. Så håret hennar ser lengre ut enn før ho klipte seg. 


Og eg har raudt hår. Ja, det er ikkje brunt ein gong.

Då eg kom til frisøren, høyrdes det plutseleg ikkje så dumt med raudt hår. -Kjæææær på, høyrde eg meg sjølv seie, etterfulgt av eit barskt; I e ikkje rædd! Og eg er framleis ikkje redd. Berre raudhåra.





























Eg aner ikkje kor heldig eg er. Og då meiner eg ikkje at eg var litt heldig med rødfarga, men kor heldig eg er med å ha ho Monica, som trivs her i nord og skjøner godt at eg trivs, vi kan sitje på ein benk i timesvis og snakke om Gud og menneske, også kan vi be og flire og kanskje til og med grine. Livet er så fint. På onsdag som på ein laurdag. 

Eg vonar at du har gode folk rundt deg. Flatt hår, krølla hår, naturleg eller bleika hår, vi treng alle menneske i vår kvardag som er ljospunkt og kvilestasjoner. Eg har mine. Vonar du har dine. 

4 kommentarer

May-Teresa

03.08.2011 kl.20:16

Så fin blogg du har!

Miss M

04.08.2011 kl.18:49

Kjempe fine begge to! ^^ Rødt hår er digg, men for min del way to much stress å vedlikeholde... Flinke, flinke og vakre damer ^^

.:*:. Miss Nerland .:*:.

04.08.2011 kl.21:44

Red heads have more fun..

Dere ble fine begge to og rødt hår passer deg:)

Ha en fin helg jenter:)

Benedicte

05.08.2011 kl.01:59

Takk! Ja blir spanande å sjå på dette med vedlukehald, hehe!

Skriv en ny kommentar

hits