Første skuledagen min

Himlen høg og verda stor
der på trappa vinkar mor
Første skuledagen min,
ikkje rart at sola skin

Hit eit steg, og dit eit steg,
dansar eg fram på skuleveg
Kjolen den er himmelblå
med ei raude marihøne på



Eg har hol i strømpebuksa, og ingen marihønekjole.

 

Eg sov for lenge i natt. Og for godt. Etter 9 timer måtte eg vakne, du er vaksen no og skal bli journalist, sa eg til meg sjølv i halvsvevne, opp og hopp, vandre rundt i ei ny leilighet blandt ekser og bokser og avispapir og ikkje ha orden på noko, ikkje veit eg kva eg skal ha på meg, ikkje står mamma og vinkar meg farvel, ikkje har eg salat i kjøleskåpet og ikkje skin sola. Bodø bles. Og Bodø regner. Men Bodø kan by på journalistikk på Universitetet i Norland, og Jens Stoltenberg med opnigstale. Så då dreg eg.

Rettelse: Eg SYKLER. Eg forstår ikkje busstilbodet i denne byen. Så då har eg ein lilla sykkel å vase rundt på. I regnet, og i vinden. Dette blir litt av ein skulestart.

Én kommentar

Eli Joy

16.08.2011 kl.16:50

så fin hybel! :D

Skriv en ny kommentar

hits