Drue you

I går hadde vi ei interessant oppgåve. Vi sat i 20 minutt og smakte, kjente, braut på, lukta på druer. Alle sansene skulle vere i bruk, og alle tanker og inntrykk skulle noterast ned. Etter endt kjenning og endt notering, fekk vi skriveoppgåva: no skal dykk produsere ei kort kort tekst med desse notata om eit møte mellom to menneske, mann og dame. Alle måpa. Orda var jo utfrodrande å setje inn i ei slik tekst. Men vi skreiv. Eg skreiv. Vi fniste og strauk og las høgt og prøvde å vere kreativ. Også blei det som det blei. 

 

Drue you.

-Du er smårund. Ho kviskrer. Smårund og småru, er du ikkje det? Ho smiler. Stryk. Stryk. Stillhet. Han snur seg. Ho kvepp til. Evigvarande smerte. Du stikk! Som eit frø som uventande stikk fram frå fruktkjøtt, kjenner ho smerte i ikkje berre tunga, men i heile seg. Ho bit tennene saman. Alt ho er no er eit stykke fruktbart kjøtt. Han byrjer å kjempe. Ho kjemper imot. Prøver å stå rett. Å ikkje knekke saman. Tårene presser på. Ho har blitt vand no. Ho kan tåle ein støkk. Som ein sprettball må ho skli igjennom kvardagen.
Ho har høyrd at Mozart skal vere bra. Men han krever Beatles. Ho vil ha ertestuing, han vil ha grønnsaker. Dagene går forbi, ho blir skjørare, han bli sterkare. Ho hadde aldri møtt ein som kan gjere ho så dårleg. Så svak. Så grøn i andletet og raud i kinna. Ho må ta vatn i munnen. Kalde kluter på panna.

Ho kan tåle alt når det kjem til han. Som ei manuell druepresse held ho ut medan han snur seg i magen hennar. 


 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits