Kvelding

Eg sov heile turen heim frå Lofoten til Bodø. Over tre timer med svevn, blei vekt til: "Vi e framme om 8 minutt, så du burde våkne..." Sunniva forsikra meg om at eg hadde sove med lukka munn, og eg var nøgd.

Så då vakna eg. Kom meg av båten. Sprang til bussen. Kom meg av bussen. Framme på Støver.

 

Det er ikkje til å legge skjul på at det har vore ei minnerik helg. Eg greide å forevige helga med 800 bilete tatt på kameraet. Og då eg bladde igjennom bileta i kveld, kom eg over dette:

 



Og dette:

 

Så då kan ein jo seie at eg var solgt. Eg trur bollene i Henningsvær er noko av det beste eg har smakt. Så berre for å få eit hint av bolle igjen, byrja eg å kl 21.30. Så no står første brett i omnen, og eg er vel ikkje ferdig med dette før om ei lang stund.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits