Eg trudde aldri eg kom til å fly sminkelaus og med kofte. Men det gjer eg i kveld. Før, då eg var li

378117-1-1316462259318.jpg
Eg trudde aldri eg kom til å fly sminkelaus og med kofte. Men det gjer eg i kveld. Før, då eg var lita, var det stort å fly. No er det nødvendig. Flyplassen i Mosjøen er så liten at det å fly blur ei koseleg greie, ikkje noko stress. Møt opp 30 min før avgang, og du har god tid. Flyplassen er mindre enn Molde busstasjon. Under check-in, peip eg som vanleg. Det var ikkje skoa som gav utslag viste det seg, så eg blei dobbelsjekka. Small-talk-dronning som eg er, var det like før eg prøvde å få praten med å flyte ved å seie; "i tek en sånn uskyldig i kofte ala Nokas-stil", men droppa den då eg skjønte den kan utløyse andre alarmer. Så eg berre smilte og kom meg igjennom kontrollen med 70 gr svart te i lasten, 4 kg kofte, 0 kg spakkel i andletet og 6 kg skulebøker. Safe flight.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits