Just a simple home for two

And a kithen for four.

Kjøkkenet er sjølve staden i huset for meg. Dropp klesskapet og sofaen; kjøkkenet er hjartet i huset. I dette tilfellet leiligheta. 

Då eg skulle pakke ned tinga mine og ta dei med opp til Bodø, fann eg merkeleg nok ikkje alle dei fire kvite stolene eg hadde kjøpt då eg fekk tak i bord og stoler på ei bruktsjappe i Fræna. Så eg og Anette har sotte på to stoler, vi. Men ein kan ikkje berre ha to stoler rundt kjøkkenbordet når ein har eit ope hus. Så då har eg jakta etter to kvite stoler her i Bodø. Og trur du ikkje eg fann dei på loppemarked. Dei berre ljoste mot meg, og eg tenkte; om eg så må betale 200 kr for dei, så tek eg dei. Dama i kassa derimot, sa: 20 kr per stol. Då trudde eg eg høyrde feil. Men eg høyrde rett. Så kom eg meg heim med to stoler i lasten, 40 kr fattigare og eit rikare kjøkken. Å. Her skal det bli mange gode samtaler under fire, seks og åtte auge. Og blir vi fleire, har vi alltids to sofaer.  









Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits