Steady as she goes








I dag er ein gråversdag, men eg har eit klårt sinn. Å. Folkens. For eit liv. For eit liv. 

Eg er så lukkeleg til tider at eg vil ut og hoppe i søledammer og late som om eg var den einaste på heile jorda, ingen kan sjå meg, så eg kan hoppe så høgt og barnsleg eg berre vil. 

Stort sett forblir eg inne og nyt livet vidare. Det handler ikkje om å ikkje møte utfordringer, men korleis ein møter dei. Eg tenkjer at eg kan ikkje bestemme kva slags utfordringer som kjem min veg, men eg kan bestemme meg for korleis eg skal handtere dei. Det er då ein innser kor mykje som er opp til ein sjølv. Om ein vil ligge i sofaen og grine, eller om ein vil ta på seg ein kjole, lakke neglene og fortsette videre. 

Eg går for det sistnemnde. Saman med ein tekopp og brownies, sjølvsagd. Eg har løyst tusenvis av verdensproblem på den måten, med Bibelen og Gud i sofaen. Og gjett kva. Eg har lagt situasjonane bak meg, og gått sterkare framover. Ikkje sjå deg tilbake. Lær av historia, men sjå framover. Så langt fram som vegen går. Det er der stødigheta i god bilkjøring ligg. Og eg trur at det er der ein finn stødigheta i sitt eige liv. 

2 kommentarer

Karita Moen

12.10.2011 kl.12:27

Kjempefin blogg! :) Ha en fin dag videre, kos deg! :)

Jeg har konkurranse på bloggen min der du kan vinne sponsede premier til mange tusen norske kroner bare ved å kommentere!! Ta en titt! Kommenter i mitt nyeste innlegg, altid! :)

-Jeg hadde satt utrolig stor pris på en kommentar tilbake <3

Vanja

12.10.2011 kl.12:28

Så utrolig fint du skrive :)

Skriv en ny kommentar

hits