Something new





Eg bur i Bodø. Vindfulle Bodø. Studerer journalistikk, trener på treningssenter, et kake og les etikk. Mykje er nytt. Noko er gammalt.

Ein veit sjeldent kva livet kjem til å bringe. Hadde du spurt meg i fjor, hadde eg sikkert sagt at eg kom til å bu i Oslo i fem år, minst. At eg ALDRI kom til å setje foten innanfor eit treningssenter. At eg skulle kutte ned på browniesen, sjølv om eg visste det var ei løgn; det vil eg aldri klare. Men så er eg altså i Bodø. Fire togtimer unna kjæresten, 926 km unna heimplassen Fræna, 1,5 flytimer unna Oslo, 1 meter ut til havet. Og eg trives. Veit at eg ikkje kunne vore nokon anna plass nett no, nett her eg er i livet med flokete hår og minus på kontoen. Det føles godt. Høyres merkeleg ut. 

Slik er livet.

Én kommentar

Camilla Albertine

21.10.2011 kl.23:34

Jeg liker det :)

Skriv en ny kommentar

hits