Det var ein mørk, stormfull aften

Det er mange ting ein tenkjer skulle blitt gjort annaleis. Som i kveld, foreksempel.

 

Noko av det verste eg veit er når det banker på døra, og eg har ingen aning om kven det kan vere. Det er jo stort sett berre kjentfolk eg møter på døra, men tanken stryk meg om kor hjelpeslaus eg er dersom det kjem eit monster på døra mi ein sein haustkveld i slutten av oktober, at eg bruker å seie sånn; "Anette, er det deg?" når det bankar på døra.
I kveld svarte ikkje Anette når eg spurte ho då ho banka på døra, og eg sukka litt, vegra meg for å sjå eit monster og låste opp før det stod ein? djevel på den blomstrete dørmatta mi. Ein svartkledd gut i skrikmaske, ei heks og nokre hjelparar. Eg skvatt slik at eg visste ikkje kvar eg skulle gjere av meg, no har det skjedd, rakk eg å tenkje, før eit kor brølte: Knask eller Knep!
Og eg knip saman augo i halvredsel og halvforskrekking, snur meg rådvill omkring for å finne ein utveg, og er på veg til å slenge døra midt i andleta deira, låse døra og sørge for at Anette svarer JA neste gong det banker på døra. Men med eitt stopper eg. Knask eller knep, hadde dei sagt. Eg prøvde meg på eit tappert smil. Undra meg over kva som gjer at foreldre vil kle borna sine ut som demoner og sende dei på dør og frå dør til dør og kreve godt. Då eg var lita, gjekk eg julebukk. Og venene mine kledde seg faktisk ut som engler nokre år og gav kjæreik på staur til folk på halloween, berre for å vere ein motpart mot alle djevlane der ute den 31.oktober. Men no stod det altså ein gjeng på døra mi, ikledd dauden sjølv, storkrevande og uvitende om kva slags produkt dei er av Amerikas pengehysteri.

-Vent litt, høyrer eg meg sjølv seie, eg skal sjekke skåpet. På veg til kjøkkenet raser det i hovudet mitt. "Eg har ete opp AfterEighten frå Maria, eg har ikkje cookies i lukka boks, eg har ikkje? noko godt?!" Eg leiter høgt og lågt før eg finn ei halv kokesjokoladeplate, sprinter mot døra og tenkjer; Har eg ingenting klokt å gje dei? Har eg verkeleg ingenting bra, mat for sjela og ikkje for ganen? 

-Her, del denne, eg har beklager ikkje noko meir, seier eg, borna tripper og er alt på veg til neste dør, og eg tenkte eg skulle invitert dei inn, gjett dei nybakt braud og fortalt dei litt om at eg trur på Halogen, at ljoset kom og at vi treng ikkje å feire dauden, men livet, men borna spring vidare, djevelen fauk praktisk talt ut døra mi, og eg høyrde uskuldeg latter nedover trappa, vakre, nydelege born, men sminka og maskert, born som er born av si tid, - og av våre tradisjonar. 

 

 

Før sa eg at dersom det kom ei skrikmaske på mi dør i oktober, skulle eg krevd ei lang forklaring på kva slags idè dette var, men no tenkjer eg meir frå den vinkelen at ein 7-åring ikkje har råa til ei slik maske, men det har far og mor. 

 

Eg ville heller brukt pengene på 20 stk kjærleik på staur, nokre englevinger og kun gode ynskjer. Det er mi plan.

 

 



Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits