Det er svada å jage etter det umoglege.

Eg undres om eg berre skal pakke kofferten, tømme sparekontoen som eg skal betale leiligheta med og berre reise. Reise dit eg vil, når eg vil. Om ingen andre vil tømme sparekontoen med meg, så reiser eg åleine. Eg klarer meg åleine. Eg er eit sjølvstendig kvinnfolk. Eg vasker kvitvask og tørkar støv i vinduskarmen, eg har kome meg inn på studiet eg ville og bevist for meg sjølv av eg kjem meg dit eg vil, så no er det kanskje på tide å dra dit tenkjer eg, og drøymer om Paris og New York og alt det framande, alt det som eg tenkjer eg umogleg, men som eigentleg berre er eit val eg må gå for om eg verkeleg vil.

Når eg er på stadiet mellom svevn, draum og trøytt sårbarhet folder eg hender og ber ei bøn om at eg ikkje skal vere A4, eg liker ikkje den definisjonen, ho er så A4 seier nokon om nokon, og det er det siste eg vil at nokon seier om meg. No forstår eg at nokon drøymer om å skli inn, eg drøymer om å skli ut.

Når eg går på tur i skogen, eg gjer sjeldent det, kanskje i frykt for å gjere det til ein vane, snakker eg med meg sjølv, eg er kjendis og journalist om kvarandre, eg kan bli alt tenkjer eg, spring litt, går i tre minutter med open munn for å smake på vera.

 

Eg veit ikkje kva som ligg framfor. Kva som skjer om sparekontoen er tom og eg står utan leilighet, utan utdannelse, kva som skjer når eg våkner eller om eg aldri fell i svevn, og om eg kjem meg ut av skogen, eller om eg aldri kjem meg ut til han igjen.

Bøna skal eg fortsette med.
Og å skrive setninger eg ikkje kjenner meg sjølv heilt igjen i. 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits