Ting tek tid

I dag har eg vaska eit heilt hus i fleire timer. Huset til Frank er enormt for ein person. Ut ifrå støvet å bedømme, skulle ein tru det budde fem follk her. Men men, no er det reint i alle fall. Så medan han har hatt Dressmannvakt (eigentleg er han driftsleder på Sandvik FHS, og har nokre dressmannvakter i året) har eg høyrd på julemusikk og tent kongerøkelse og surra rundt med grønnsåpe og mopp. Og no er det reint. Endeleg.

Eg tenkte å spare tid, så eg sendte handleliste til Frank så han kunne gjere matshoppinga rett etter arbeid, men eg fekk beskjed om at dersom det blei for avansert, kom han til å gjere retrett og sende meg i staden for. Eg sendte han handlelista, ynskja han tvitvi, og det endte i... fem telefoner. 

-Korrsn sher brunsåkker ut? E dæ rørsåkker?
-Nei, i bruke det t å bake, det e klebelig.
-Ååå, e græie ikke dette!

 







Men det gjekk. Drøssevis av meldinger og fem telefonsamtaler seinere med spørsmål om kva kefir er, at han endeleg visste korleis brunsukker såg ut og sa at han stolt hadde funnet melis, blei det mat i skåpen, og kake i omnen. Snart kjem det fine folk på kake. 

Én kommentar

Marthe

03.12.2011 kl.20:14

hahaha! Utrolig fasinerende;) ka slags mann har du funne d:p hehe. man ska vel ikke snakke så høyt om sånt, plutselig e i vel der sjøl;)

Skriv en ny kommentar

hits