Sjette



Vinteren er her, kvit er han, og eg er kvit med, så då kler eg meg i halvsvart og går ut for å vere synleg, eg trer i snøen og seier; hello mr. Winter, og han hufser tilbake, eg dreg kåpa godt rundt meg, spør meg sjølv kvifor eg ikkje eig fornuftige klede når eg bur i Nord-Noreg, og vandrer vidare. 

I går fekk eg ein liten aha-opplevelse. Eg sat å snakka med folk, då det blei nemnd; Ja, her i Nord-Noreg... og eg kvapp til. Det var nett som det var akkurat då det gjekk opp for meg at eg er busett i Nord-Noreg. Eg har jo budd her eit halvår allereie...
Kall meg treig. Men no veit eg kvar eg bur.

Det er 6.desember, eg er eit menneske, livet er ei gåve og ord kan bli fattig. Nesten som før.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits