The movie

Eg ser på han. Han ser på meg. Kvar for seg. Vi smiler når vi ser kvarandre. Når eg har sett på han, og han har sett på meg, ser vi på kvarandre. Smiler. Samstundes.

 

Vi er einig i at vi har ein sånn kjemi og historie som du kan sjå på klisjefilmar frå Hollywood. Berre at vi er ekte. 

Ein ser ein film, også seier ein til seg sjølv at det berre er film, det er ikkje verkelegheita. Men eg har vore der. Eg har vore inni manus, rødma, haldt hender, drøymd, sprunge min veg, kome tilbake, rødma, gått lange turar midt på natta, klepe meg sjølv i arma, brukt mykje parfyme og kjøpt ny parfyme, frøse i tjue minus fordi tynnstrømpebukse er finare enn ullstrømpebukse og hatt svevnlause netter berre fordi du hadde eit slik smil og ein slik sjarm og fordi du var han eg aldri kunne få, men her sit eg.

Eg har deg, du har meg. Og saman skriv vi på manuset til vår film, filmen om oss, om gode og onde dager, om dager der eg grin og du stryk hendene dine over kinna mine og seier at alt kjem til å bra, dager der du eg sleten og eg vil ut på eventyr, dager der tevatnet har blitt kaldt før vi er ferdig å snakke varmt om kvarandre, dager der vi ser kvarandre inn i augo og seier; hadde det ikkje vore for deg, så hadde eg ikkje kunne vore så meg.

 




Nokon gonger har eg vore redd for å vakne og sjå at alt var berre ein draum. Men eg er framles på ei rosa sky, framleis vaken, framleis her. Og det er du òg.

Det er ikkje The End med det fyrste.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits