Vegen til framtida er full av godsaker

Eg og Frank har vore saman i eit halv år no, og i eit halvår og vel så det har eg masa om at han burde ha oppvaskmaskin. Han har aldri trengt det, påstår han. Men når eg er på besøk, forstår han kva eg meiner.

Han påstår at det er eg som baker mykje. Eg påstår at det er han som ikkje har oppvaskmaskin.

SÅ. I dag handla han endeleg oppvaskmaskin. Fryd og gammen, fred i heimen. No skal eg ikkje klage på noko... på nore veker.

 

No har eg nettopp satt pepperkakedeig, og medan den må stå over natta, et eg opp halve deigen. Å kjære vene, eg hadde gløymd kor godt smaken av jul var. 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits