Joy to the world

I går og i dag fekk eg beskjed at eg har fått A på begge eksamenane eg har hatt før jul. Oj, tenkte eg. Eg er visst smartare enn eg trur. Eller så var eg berre heldig. Eller, så kan eg det. Noko i den duren.

Denne hausten har vore fin, spesiell, annleis og bra, alt på sin måte. Eg har ikkje følt at skulearbeid alltid har vore nummer ein på prioriteringslista, og var spend på korleis det kom til å gå når eg skulle presse fram all kunnskapen eg hadde på ex.phil-eksamen og nyheitsjournalisteksamen i byrjinga av desember. Men det gjekk tydeligvis så det suste. 

Så no er det jul. Eg kan senke skuldrene og sleppe å tenkje på å måtte ta eksamen på nytt. Slik liker vi.




Én kommentar

Skriblerina

23.12.2011 kl.17:24

Gratulerer Bendicte :D

Skriv en ny kommentar

hits