Jeg går i bane

Vi byrja å køyre frå Molde kl 15.30, og var framme i Mosjøen kl 01.30. Heldigvis er det inga sak med godt selskap, og når mannen køyre, eg hadde aldri kome så fort fram på glatta. 

Juleferien heime i Fræna har vore veldig bra. Det har vore mykje vind (nett som å vere heime i Bodø) og lite snø, mykje mat og mykje/lite svevn om kvarandre, gode folk, lite peng og mykje program. Null kamera, minimalt med internett, lite overkommelig.com i tilfelle nokre lurer.

No skal eg lande i Mosjøen i nokre dager før skulen begynner påån igjen. Det blir godt å kome tilbake til Bodø på søndag, starte på gode skulerutiner, treningsrutiner og Bodøfolk, finne livet mitt igjen etter ein og ein halv måned med eksamenslesing, og plutseleg juleferie.

 



Og om eg ikkje har sagt det før, så: Godt nyttår. Fyll det nye året ditt med godhet, eg skal prøve å gjere det i alle fall. Også skal eg ta betre vare på tenna mine med mindre brus. Trur eg...

Én kommentar

Eli Joy

04.01.2012 kl.22:16

liker bildene! :D

Skriv en ny kommentar

hits