I eit anna univers



Eg starta førti munitter før skulen byrja. Eg drog på meg stilongs, drog på me bukse, drog på meg ullvangsokker og to lag med topper, eit lag med cardigan, eit par sko, to luer oppå kvarandre og fem desiliter te med sitronsaft og honning i ein termokopp. Så gjekk eg til skulen. Med Leeland i øyro og ei undring over at eg ikkje kjenner meg sjølv heilt igjen, eg er ikkje som før tenkjer eg, men eg er meg sjølv.

Eg hadde to stykk roser i kinna når eg kom fram, eg følte meg så vaken og så levande, klart til å starte dagen og møte menneske og meg sjølv.

Kanskje eg skal gå til skulen oftare.

2 kommentarer

Skriblerina

10.01.2012 kl.18:29

Det er forfriskende å gå til skolen ja, hvis man husker vottene :)

Camilla Albertine

10.01.2012 kl.19:03

Savna skoleveien fra Støver. Her e d bære riksvei 40 å trafikk.

Skriv en ny kommentar

hits