Kvelden før kvelden

Akkurat for eitt år sia, nesten på minuttet, brukte eg mine siste minutt som nesten-gebursdagsborn til å ete cornflakes på soverommet og vaske og rydde dei 8 kvm eg då hadde alle klea mine på i Oslo.



I år, bruker eg mine siste minutt som nesten-gebursdagborn på å drikke appelsinjuice frå stettglas og fryde meg over at håret er nyfarga, leppestiften er innkjøpt, soverommet er ryddig og i morgon skal alle sei "gratulerer med dagen" til meg. Oppmerksomhetssjuk, her er eg.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits