Farewell

Eg har liksom to val: Ta meg sjølv i nakkeskinnet og gå inn for å gjere bloggen så bra som eg ynskjer,  eller så kan eg berre slutte. Eg har landa på det siste.

 

Dette innlegget skreiv eg i... februar 2012? Eg huser ikkje. Lot det ligge til eg visste det var rett, og no skriv eg historie på overkommelig.com; eg slutter.  

 

Eg har vore "fast" bloggar sia 2007, og det gjeld å gje seg på topp. Ikkje det at overkommelig.com nokon gong har vore på topp, men ein eller anna gong kaster ein inn handkledet når ein ser at det er på tide. No er altså ei sånn tid. 

Eg har skreve tekster og tatt bilete stort sett dagleg i mange år no, signert dei som overkommelig.com, ukjende og kjende har kommentert at dei stort sett liker det dei har lest og sett, og eg har smilt, tenkt på alt eg har delt, alt som er mitt, og alt som eg ikkje har fortalt og alt lesarane ikkje veit.
Denne kanalen har vore ein god måte å fortelje dei eg ikkje ser så ofte at eg finnes og at eg har det bra og at vera er fyld av krøller og lilla kjoler, og det har vore bra det, eg kan bla årevis tilbake og sjå kva eg gjorde i mai 2008, men eg tenkjer at om eg stogger her. Eg kan ikkje bla tilbake til januar 2013 med andre ord, men eg får byrje å skrive dagbok for meg sjølv frå no av. Høhø.

 

Som journaliststudent er det tydeleg at eg har eit behov; eksponeringsbehov. Eg finn det godt å dele og fortelje og la andre ta del i det eg gjer. Men no, no skal eg finne meg sjølv litt trur eg. Eller, eg skal vere meg sjølv, men ikkje oppdatere alt og alle om det på denne nettsida. Du og du. All den oppmerksomheten eg har fått gjennom bloggen! Eg kjem til å sakne dette. Eg slenger til med: "høhø" igjen.


Kanskje kjem eg innom med nokre betraktninger ein sjeldan gong. Eller kanskje eg sletter heile greia. 

 

Takk for reisa, folkens. Det har vore kjekt. Ein fryd.

 

 





Eg vil takke alle som har lest, fulgt med, engasjert seg, gjett tilbakemeldinger og fått meg til å like å skrive og ta bilete. 
Klart eg kjem til å sakne det. Men eg seier som Paulus: "Det er ei tid for alt."

Og nett no, skal ikkje alt skje på nett. 

4 kommentarer

Unni

31.12.2012 kl.16:29

Du har hatt mange flotte betraktninga og refleksjona, og i vart så inspirert av bilda du tok, fikk me til å stoppe opp litt og tenke ;)

ingeborg

01.01.2013 kl.15:12

:(

Fett

01.01.2013 kl.23:50

Takk for at du likte diktet mitt! Den ljose stund, vår stutte dag. At det man skriver lever videre i andre, gir mer mening til orda enn selv den mest velformulerte setning. Det har gjort at jeg ikke fullstendig har gitt opp på tross av at jeg sliter med konstant skrivesperre.

Fett

Silje

11.01.2013 kl.12:46

Eg likar jo bloggen din så godt... :( håpar du kjem tebaks att

Skriv en ny kommentar

hits