Amalie

Eg hyla halvhøgt då eg såg at Amelie fra Montmartre gjekk på dataskjermen. Den filmen er så rar og ven og sår og sær og akkurat slik kjærleik kan vere nokre gonger, rar og ven og sår og sær og fullstendig bra. 
Eg og Frank såg han, han ser fransk film fordi han veit det gjer meg glad, og når eg er glad er han glad. Og eigentleg liker han rare, vene, såre og sære filmer nett som meg, men han er mann og må nokre gonger late som om Sci-fi samlinga hans er meir spanande enn mi liste over 100 filmer eg vil sjå før eg døyr. Eller 100 filmer eg vil sjå medan eg er her på jorda.


















Har du ikkje sett Amelie fra Montmartre, så sjå han gjerne. Gjerne med ein mann som heiter Frank. Fransk blir betre med Frank.

 

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits