Min fyrste sumar






I fjor hadde eg min fyrste sumar i Nord-Noreg.
Eg hadde allerede vore på visitt i dalar og fjell på stader i nord på våren, men sumaren 2011 opplevde eg kva Mosjøen og Bodø og Mo i Rana, Forvik, Lofoten og Mjåvatn kunne by på. Og eg likte det. Så godt at eg blei buande i Bodø. Og jobba i Mosjøen. No har eg byrja på min andre sumar i Mosjøen, eg er resepsjonist på Sandvik Gjestegard og gjer det ein resepsjonist på ein gjestegard skal gjere. Vonar eg. 

 Når eg ikkje er på arbeid, skal eg prøve å luke i bedd. Eller bake kaker. Kanskje sy ein duk. Sitje på cafè. Lage middag til Frank. Drikke te. Gjere det ein gjer her i Nord,
sjå på stjernene og draume om framtid og eit lite kvitt hus med skråtak og blometapet. 

Min fyrste sumar i nord i fjor var herleg. Og dette blir ikkje den siste sumaren i Mosjøen. Langt ifrå. Eg har nett starta på det nordnorske livet. 

Det hadde eg aldri sett for meg for to år sia.

Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits