Spoiled.

Om det var mogleg å gifte seg med seg sjølv, så hadde eg kanskje gjort det i dag. Eller. Eigentleg ikkje. Eg skulle lese på eksamen i dag, men så sov eg. Også baka eg vannbakkels. Blir lite eksamenskunnskaper av slikt, jente.

Frank har hatt nokre timer på Dressmann i dag, så eg tenkte å bake noko. (Eigentleg for mi eiga skuld, men han kan jo få smake.)

Eg har aldri laga vannbakkels før, men nett når eg stod og rørte i deigen, gjekk det opp for meg kor mange gonger eg har stått og sett på at mamma lager denne baksten. Full av nostalgi hugser eg lukta, kor lita eg var, kor mykje eg beundra mamma som kunne bake 7 sorter på 70 minutter og kor godt alt smaka.

Eg voner vannbakkelsen min med spelt smaker godt. Frank får bedømme. Om det ikkje blir suksess, så har eg alltids lova han å laga banan/sjokolade-kaka han er så glad i.





Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits