Ex.fac

Mamma: Du he ikkje blogga på mange daga. He du det bra?
Meg: ...Ja...?

Det er eksamenstider, folkens. Då finnes det viktigare ting enn internett. Om ikkje pensumbøkene ligg på internett, da.

 

Nokon gonger er eg nesten på veg til å kalle meg sjølv smart. For eg forstår ting. Eg grev meg ned i tre forskjellige fagbøker, skriv notat og les og les, og eg berre forstår det. Ser samanhenger. Greier å forklare det.

Men så gløymer eg det. Det er det som er medaljens bakside. Med ein gong eg legg frå meg bøkene og tenkjer på noko anna, forsvinn kunnskapen. Eller, kanskje den ligg der ein stad, men eg har gløymd den. Så eg må gå tilbake. Til dei tre fagbøkene, til notatsidene og penna og lese over. Prøve å forstå kva eg forsto. Så er eg der igjen; eg kan det.
Eg går ut av leserommet, - og det er vekke.

Å.

Ja. Men det er vel betre å forstå i eit sekund også gløyme enn å ikkje forstå i det heile tatt?

 

I dag var eg verdsmeister i hermeneutikk, forklaringstyper og litt metodisk individualisme og kollektivisme. Eg meistra det når eg sat ved bøkene. No hugser eg kanskje 20 %. Vel. Så eg må lese igjen. Lese meir, forstå meir, hugse meir. Lese over tretti gonger før det sit sånn nogen lunde, i alle fall til eksamen som er på mandag.

I dag har eg formulert eigne setninger, sånne som: ... ja, no må eg jo hugse det...:
"Prediksjon fører til motreaksjon. Selvoppbyggende og selvødeleggende profetier som en forutsigelse i samfunnsvitenskapen kan sees i lys av dagens bondeopprør: bønder i opprør fører til brødhamstring."

Ja. Hm.

Nei, nå må eg forlate internett og fagbøkene. Det skal vere mannebibelgruppe hjå Frank i kveld, og eg kjenner trangen til å gjere noko meir fornuftig enn å vere teoretikar: vere husmor og bake kake til menna. Så no blir det sjokoladekake og smuldrepai og støvtørking før eg skal tilbake til bøkene. Og ikkje internett. 

 




 


Ingen kommentarer

Skriv en ny kommentar

hits