Pause it, honey.

Har hatt litt for mange lesepauser i dahg, men eg trøyster meg med at no les eg på ting eg verkeleg ikkje kan NOKO om, så då må ein liksom ha litt tenkepause. Eller noko sånn. Exscuses, i alle fall. Eller korleis det skrives.

 

Anyway. Eg har prøvd å spørre folk i klassa kva dei les på, men det er dårlig med svar frå dei. Så då les eg på det som står i boka, då.



Og i mellom slaga (for å få tida til å gå, den tida som eg eigentleg burde bruke til å lese på eksamen), bruker eg tida til å fundere på om det ikkje er ein skrivefeil hjå Aschaug. "Oppdatering elementer i butikken..." Kan ein skrive det?

Jaja. Tidlegare i dag hadde eg og Frank jobbpause med kjøttsuppe og The Office. Det var ein fin pause. Men slike pauser har ein tendens til å måtte ta slutt, fordi ein skal vere disiplinert til å lese.

Og då er det tilbake på jobb. Smil!

No er Frank på ungdomsmøte, eg måtte vere heime for å vere flink student. Men så trengte eg ein liten pause, og endte opp med å lage pizza med kyllingkjøttdeig og kalkunpølse. Det blir ein fin kveldsmat. Ikkje det at eg er så svolten. Føler meg ganske så mett på kunnskap og mat allereie. Men det skal vel ganske så mykje til før ein verkeleg får nok? JEPP. Så då var det pausen verdt.




Én kommentar

Fine bilde ! :D kosli. Kos deg nå masse i helga da! ^^,

Skriv en ny kommentar

hits