New in ll Worn out







Etter å ha eigd denne tunikaen i èi veke, har eg snart brukt han opp. Nokon gonger finn ein akkurat det ein vil ha. Og da må ein nesten kjøpe det. 

Eg er ho som kjøper klede så billeg som mogleg for å kunne ha mest mogleg. Kanskje ikkje så natur-friendly, men eg lever over med skamma. Eg kjøper sjeldent plagg som koster meir enn 200 kr, helst skal dei vere godt under 100-lappen. Denne tunikaen kosta 199 kr, og eg brukte 20 minutter på å finne ut om eg skulle kjøpe han. 200 kr er mykje peng. Og skal ein ha mykje klede, kan ein ikkje kjøpe 200 krs-plagg heile tida. 

Vel, målet er jo ikkje å ha mykje klede, misforstå ikkje, eg liker berre å ha valgmoglegheiter, eg kler meg etter humøret. Og då er det fint å ha litt å velge i. Difor orker eg ikkje å bruke 500 kr på ei bukse, når eg heller kan ha 3 sære bukser som er kjøpt på sal til same prisen. Om ikkje 5! (Unntak finns sjølvsagd. Eg har brukt litt for mykje peng på div plagg, men til mitt forsvar har det vore klede med kvalitet som eg kan bruke til alt. Vel, det med å kunne bruke noko til alt er eigentleg ei stor løgn. Men vi lyg likevel. Difor seier eg at Ewa i Walla skjørtet til xxxx kr kan brukes til alt. Such a lie.)

Men eg endte altså opp med å bruke 20 minutter og 200 kr på ein mønstra sak, og det er den smartaste 200-lappen eg har brukt i mai. Utanom mat og slikt. Seier vi.

2 kommentarer

06.06.2012 kl.16:31

Så fin. Hvor er den kjøpt?

Benedicte - overkommelig.com

07.06.2012 kl.12:03

Indiska!

Skriv en ny kommentar

hits